Product: Seven Oceans

Produserer naudmat seint og tidleg

Sjeldan har det vore produsert så mange pakkar med naudmat og vatn ved Compact AS som no. For å koma ajour med alle bestillingane, har dei tilsette stått på seint og tidleg.

- Me klarar ikkje å levera nok naudmat om me går med normal drift i desse dagar, så me lyt ty til ein del overtidsarbeid både i oktober og november, seier direktør Geir-Arne Åsnes.

Fleire store kriser rundt om i verda har gjort at trongen for naudmat og reint vatn er enorm, og verksemda på Søfteland gjer kva dei kan for å få ut naudhjelpspakkane raskt nok.

Verksemda har rundt 40 tilsette, og i tillegg til vatn- og naudhjelpspakkar til kriseområde, produserer dei også liknande pakkar til den maritime marknaden - som proviant i livbåtar.

- Me produserer faktisk halvparten av alle naudhjelpspakkane som går til den maritime marknaden rundt om i verda, til land som Japan, USA, Frankrike, Danmark, Korea, Singapore, Italia, Spania og Thailand. Det har vore ein stor og stabil vekst på dette området, ikkje minst på grunn av levering til store cruiseskip, fortel Åsnes.

Men no har dei først og fremst fokus på naudhjelpspakkar som skal gå til menneske som lever i krigsherja område, i flyktningleirar, i område råka av svolt og naturkatastrofar.

CNN-effekten

Me møter direktøren på GC Rieber Compact AS saman med salsog logistikkansvarleg Mette Pedersen Nåmdal, lagersjef Torhild Tyssøy og produksjonsassistent Olga Konoplia.

- Kva organisasjonar står bak bestillingane av naudhjelpspakkar?

- Dei viktigaste er Unicef, Verdens Matvareprogram, Røde Kors og leger uten grenser. Det er strenge krav til kvalitet og standard, men produktet vårt har det som skal til, seier Mette P. Nåmdal.

FN opplyser at over 700 millionar menneske lever på sveltegrensa i dag, av dei finn me 10 millionar i Jemen.

- Det er tragisk, men me ser ofte at mange kriseområde vert gløymt av verda når media forsvinn og vender seg mot nye hendingar. Det er vel det dei kallar CNN-effekten, seier Mette og nemner land som Jemen, Kambodia, Haiti, Chad, Sør-Sudan, Etiopia og den sentralafrikanske republikk.

På bordet ligg naudpakkar av ymse slag, og me får smaka litt av kjeksen som går til folk i kriseråka område. Kjeksblokka kjennest litt feit ut, og smuldrar lett opp. Og smaken? litt ubestemmeleg, men absolutt godt etande.

- Kjeksen er full av viktige mineral og vitamin, og er laga spesielt for folk som er underernærte, fortel produktsjefen.

Både Mette P. Nåmdal og Torhild Tyssøy har arbeidd i verksemda i godt over 20 år, og skryter av arbeidsmiljøet og samhaldet på Compact. Olga, som kom inn for seks år sidan, nikker samtykkjande, og fortel at ho har funne seg veldig godt til rette i Søftelands-verksemda.

Søftelandsvatn til Kina og Japan

Det er ikkje berre innhaldet i vass- og naudproviantpakkane som er unikt for Compact-produkta. Emballasjen skal vera både vass- og vindtett, og skal tola enormt mykje, som til dømes å bli droppa frå fly.

- Me har nyleg sendt vatn frå Søfteland til Kina og Japan - med fly, seier Compact-direktøren, og sals- og logistikksjefen Mette utdjupar:

- Vanlegvis blir det sendt med båtar, men denne gongen måtte det leverast raskt, forklarar ho.

- Men klarar ikkje Kina og Japan å produsera slikt sjølv?

- For det første har me klart å finna fram til ein heilt unik emballasje, og i kombinasjon med godt vatn herfrå og det me gjer med det, har me eit produkt dei enno ikkje har klart å overgå, seier Geir-Arne Åsnes.

- Kva er det de "gjer med vatnet" for at det skal halda høg kvalitet over fleire år?

- Ha, ha, ha. Nei, det kan me ikkje seia, det er noko av den hemmelege oppskrifta vår, ler han.

Peanøttsmør til born

Eit ganske nytt produkt, peanøttsmør, blir også produsert for naudhjelpsmarknaden. Dette skal brukast meir i det førebyggjande arbeidet, og er tiltenkt born mellom 6 månader og 5-6 år.

- Produktet er fullt av vitamin og mineral som denne aldersgruppa treng for at kroppen skal utvikla seg normalt, fortel Mette.

Peanøttsmøret vert også produsert i begge dotterselskapa Compact har i Cape Town i Sør-Afrika og i New Dehli i India.

- Me har svært nøgde kundar, og så lenge folk er viljuge og positive til å ta nokre ekstra tak når det toppar seg, så skal me klara å levera i framtida også, smiler direktøren.

Etter den store innsamlingsaksjonen for Røde Kors i oktober, vart verksemda kontakta av Internasjonale Røde Kors i Geneve med spørsmål om dei kan gi eit anbod på naudhelpspakkar.

- Me håpar sjølvsagt å få tilslaget på bestillinga, og då vert det endå meir arbeid her, seier Åsnes.

- Kva omsetnad har de i året? - Frå Søftelands-verksemda ligg me på ein stad mellom 60 og 80 millionar kroner, fortel han.

Før me forlet Compact, bed han oss nemna at verksemda vil stilla opp på Bjørnefjorden utdanningsmesse på Nore Neset i neste veke. Dei har eit stort spenn av fagfolk i verksemda, så her er det berre å ta kontakt om det er noko ein vil vita meir om.

Tekst: Os & Fusaposten, ved forfatter Wenche M. Eriksen. Teksten er gjengitt etter tilatelse med avis og forfatter.